SFO opnar med fullt trykk på smittevern

Vaksne og elevar skal finne balansen mellom smittevern og ein normal kvardag når skulefritidsordninga opnar måndag.
innenriks

Leiaren Utdanningsforbundet i fryktar ein krevjande haust når skulen òg opnar om tre vekers tid.

Allereie måndag opnar skulefritidsordninga (SFO) og mange barnehagar. På SFO er det mellom anna gitt beskjed om at mest mogleg av aktivitetane skal føregå utandørs av smittevernomsyn.

Elevane skal òg ha kvart sitt ete- og aktivitetsareal. Barnehagane har strenge krav til både handhygiene og reingjering av lokale og leiker.

– Frå hausten av kan heile skuleklassar vere samla, og alle elevar skal få eit fulltidstilbod på skulen med ordinære skuledagar, heiter det i Utdanningsdirektoratets oversikt over planane for skulestart.

Det er òg spesifisert at elevane skal få karakterar og fråværsgrensa er innført att. Spesialundervisning skal føregå som normalt. Elevar som treng skuleskyss, skal få overstyre smittevernrettleiaren for kollektivtrafikken og sitje tettare saman slik at alle får plass.

Blir ein krevjande haust

Koronatiltaka er likevel framleis til stades. Ingen med sjukdomsteikn skal møte på skulen, elevar i risikogruppa skal få undervisning heime, og sjølv om heile klassar kan samlast, skal elevane halde seg til faste smågrupper.

Gymtimane skal føregå utandørs så langt det lèt seg gjere, og ein skal prøve å sørgje for at færrast mogleg har friminutt samtidig. Elevane skal ha minst mogleg fysisk kontakt.

– Eg trur det blir ganske krevjande, òg fordi vi har byrja å bli litt slappe med smittevernreglane, seier leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet.

Ikkje over

Folkehelseinstituttet minner om at pandemien ikkje er over og alle må følgje smittevernreglane for å halde smittetala låge.

– Vi må vere årvakne, teste oss om vi har symptom, og ha god overvaking på plass slik at vi kan oppdage og stoppe utbrot ute i kommunane før dei spreier seg til andre stader, skriv Folkehelseinstituttet i ein e-post til NTB.

Handal seier areal- og lærarmangel vil gjere det vanskeleg for mange skular og barnehagar å halde oppe smittevernreglane, særleg i pressområde. Han meiner kommuneøkonomien blir ein viktig faktor.

– Det viktigaste er å sikre at alle utgifter skulane og barnehagane har hatt i samband med korona, blir kompenserte fullt ut, seier fagforeiningsleiaren.

Må òg handtere nye læreplanar

Frå skulane vart opna igjen i slutten av april til slutten av skuleåret i juni, vart smittevernreglementet endra fleire gonger, nokre gonger på kort varsel.

I år er det etablert ein såkalla trafikklysmodell for å gjere det meir føreseieleg for skulane. Handal trur skulane er godt førebudde på lokale utbrot av koronaviruset, slik ein no ser i Moss.

I 2020–21 skal store delar av skuleverket òg fase inn nye læreplanar. Berre 10.-klasse, VG2 og VG3 ventar til skuleåra etterpå. Leiaren i Utdanningsforbundet seier dette ikkje er optimalt.

– Det finst nok skular som ikkje har hatt tid til å førebu seg godt på det, seier Handal.

Likevel har styresmaktene vist forståing for at læreplanane har måtta vike for smittevernet.

– Så lenge vi har litt tolmod med kvarandre, vil det nok gå seg til. Mange lærarar er positive til læreplanane, og det er eit godt utgangspunkt, seier leiaren.


(©NPK)