Toppsesong for lynnedslag – august er verst

I fjor kosta skadar etter lynnedslag over 100 millionar kroner. Over 60 prosent av skadane oppstår om sommaren, og august er tradisjonelt den verste månaden.
innenriks

Sidan 2015 har skadane etter lynnedslag gått jamt og trutt nedover, men i fjor var det ein auke i både talet på skadar og i kroner og øre på utbetalingar.

I fjor måtte norske forsikringsselskap ut med nesten 102 millionar kroner i erstatning for brannskadar og skadar som følgje av kortslutning etter lynnedslag. Året før var utbetalingane på 81,2 millionar kroner, ifølgje tal frå Finans Norge.

I 2014 var det var det ekstraordinært mange skadar etter lynnedslag, og dei fleste kom av elektrisk kortslutning. Dei største skadane skjer likevel i dei tilfella lynnedslaga fører til brann. I 2014 måtte forsikringsselskapa ut med over 567 millionar kroner i skadeutbetalingar.

Det tidlegare Hordaland fylke er det som sidan 1985 har hatt flest skadar av lyn. Deretter følgjer Rogaland og tidlegare Akershus. I Troms og Finnmark lyner det minst.

I Noreg hender det årleg rundt 110.000 lynnedslag frå sky til bakke i gjennomsnitt. Dei fleste lynskadane skjer i sommarmånadene juni, juli og august, men det er òg lynskadar på vinterstid. Om sommaren er det gjerne på innlandet lynnedslaga kjem, medan om vinteren er det meir vanleg langs kysten.

Tore og lyn oppstår når det er ustabil luft, altså når varme og kalde luftområde møtest, spesielt når det er lågtrykk. Lyn flerrar opp når spenninga mellom eit område med positiv elektrisitet og eit område med negativ elektrisitet i atmosfæren blir så stor at det blir utløyst ein gneiste mellom dei to områda.

Lyn kan utløysast innanfor éi sky, mellom to ulike skyer, eller mellom ei sky og bakken.

(©NPK)