Cruiseskip har komme til Bodø – testing startar onsdag morgon

Cruiseskipet SeaDream 1 la natt til onsdag til kai i Bodø. Alt mannskap skal testast for covid-19 etter at ein tidlegare passasjer fekk påvist koronasmitte.
innenriks

Ifølgje Avisa Nordland kom til skipet Bodø rundt klokka to.

SeaDream stadfestar i ei pressemelding at ein gjest frå Danmark fekk påvist covid-19 ved ein rutinekontroll ved heimkomst til heimlandet.

– Gjesten har vore om bord i SeaDream 1 og reiste heim til Danmark frå Tromsø 2. august. Vi håpar sjølvsagt at det ikkje er noko covid-19 om bord, heiter det i pressemeldinga. Det var Aftenposten som omtalte saka først.

Bodø kommune opplyser at det tidleg onsdag vil setjast i gang omfattande testing av 85 besetningsmedlemmer på cruiseskipet.

– Verken mannskap eller passasjerar får lov til å gå i land og blir haldne om bord i skipet. Dette er ein situasjon vi tek på høgaste alvor, seier Bodø-ordførar Ida Pinnerød (Ap).

Testinga av mannskapet blir venta å ta tre timar, og prøvene skal deretter analyserast ved Nordlandssykehuset. Svara kjem truleg onsdag kveld.

Alle dei 123 passasjerane på den noverande seglasen vart sette i isolasjon på lugarane sine då saka vart kjend.

(©NPK)