Bekymra Solberg varslar koronainnstrammingar

Statsminister Erna Solberg (H) er bekymra over smittesituasjonen i Noreg. Ho varslar derfor nye innstrammingar og droppar lettingar av ulike tiltak.
innenriks

– Det er nok litt for låge skuldrer no, seier Solberg til NRK.

Ho avslutta ferien torsdag og byrja med å møte pressa for å svare på spørsmål om koronasituasjonen. Det var ein bekymra statsminister som møtte journalistane etter tur.

– Vi er bekymra. Vi har sett ein aukande trend, og vi ser denne trenden òg i land rundt oss. Fleire land i Europa blir raude. Det er nok litt for låge skuldrer og litt for mange som tenkjer at dette går bra, sa statsministeren.

– Derfor har regjeringa i dag bestemt seg for å bremse litt opp for å sørgje for at vi ikkje må bråstoppe, seier ho.

Bruk av munnbind

Solberg vil ikkje spesifisere kva tiltak som skal setjast inn, eller kva lettingar som no blir sett på vent, men viser til pressekonferansen som skal haldast fredag. Ifølgje statsministeren jobbar Helsedepartementet intenst med dei siste detaljane fram mot konferansen.

Helsestyresmaktene er mellom anna venta å leggje fram nye råd knytt til bruk av munnbind.

– Både kollektivtrafikken og munnbind er tema vi vil komme tilbake til. Vi har bede om å få ein gjennomgang frå FHI og Helsedirektoratet på kvar og når det vil vere naturleg å bruke dei, seier Solberg til NTB.

– Det er nokre stader der det er vanskeleg å praktisere éinmeters-regelen, der munnbind er eit alternativ, seier ho.

Skuffa over Hurtigruten

Den norske cruisenæringa er for tida hardt ramma, med smittetilfelle på fleire cruiseskip, mellom anna på det mykje omtalte hurtigruteskipet MS Roald Amundsen.

Til no har 53 passasjerar og mannskap frå skipet fått påvist covid-19. Politiet har opna etterforsking av smitteutbrotet.

– Det har vore skuffande. Men det går føre seg ei politietterforsking så eg skal ikkje seie så mykje meir om det har vore regelbrot her. Det er skuffande fordi det set delar av reiselivsnæringa tilbake. Hurtigruten er ein viktig del av infrastrukturen i delar av landet, seier Solberg til VG.

– Senka skuldrene i ferien

Talet på innlagde koronapasientar har tredobla seg den siste veka. I hovudstaden er det hittil registrert 40 nye smittetilfelle, mot 41 i heile førre veke. Fleire personar har fått påvist covid-19 etter å ha vore til stades på diverse heimefestar i Oslo.

– Dei unge i Noreg har vore veldig flinke til å følgje opp, men eg trur at mange unge, men også eldre, kanskje har senka skuldrene litt i ferien på grunn av låge smittetal, seier Solberg til NTB.

Ho minner om at ein må passe på pårørande eller venner med underliggjande sjukdommar, og at alle har ei plikt til å passe på at vi følgjer helseråda.

– Det vil vere veldig dumt å vere den som har smitta nokon som kan bli alvorleg sjuk, understrekar statsministeren.