DN: Fleire personar smitta på fest i heimen til smittevernoverlege

Fleire personar er stadfesta koronasmitta etter ein fest som vart halde i heimen til ein kommunal smittevernoverlege, ifølgje Dagens Næringsliv.
innenriks

Smittevernoverlegen var ikkje sjølv til stades på festen, men er forelder til festarrangøren. 40 personar deltok, ifølgje avisa.

Smittevernoverlegen er busett i ein annan kommune enn vedkommande jobbar i og har det øvste ansvaret for handteringa av koronaviruset i ein av dei største kommunane i landet.

– Eg kan berre konstatere at det er brot på smittevernreglane. Det er ikkje greitt, seier ein kommunal leiar som jobbar med smittesporing etter festen.

(©NPK)