Ytterlegare ein person er smitta etter heimefest i Oslo

Åtte personar er stadfesta koronasmitta etter til saman fire private heimefestar i Oslo. Om lag 190 personar deltok på festane.
innenriks

I 18-tida torsdag kveld er ytterlegare éin person busett i Oslo stadfesta smitta med koronaviruset etter heimefest i bydel Vestre Aker i Oslo førre veke, skriv Nettavisen.

Til saman er dermed seks personar i Oslo og to personar i Bærum smitta.

Dei fleste av festdeltakarane er frå bydelane Nordre Aker, Frogner og Ullern i Oslo, og Bærum kommune.

(©NPK)