Kvinne sikta for forgifting i Trøndelag blir varetektsfengsla i fire nye veker

Kvinna som er sikta for å ha forgifta den tidlegare ektemannen sin, fekk torsdag forlengt varetekta med fire nye veker i Sør-Trøndelag tingrett.
innenriks

– Mistanken mot sikta er styrkt gjennom etterforskinga, seier politiadvokat Charlotte Aspehaug i Trøndelag politidistrikt til NRK.

Sikta setje seg ikkje imot fengslinga. Kvinna i 50-åra frå Trøndelag opplyste at ho trivst i fengsel, der ho har vore i varetekt sidan juni.

Kvinna er mistenkt for å ha forgifta den tidlegare ektemannen sin med ein plante frå heimen deira som inneheld nervegifta akonitin. I løpet av våren var ektemannen fleire gonger innlagd på St. Olavs hospital med livstruande skadar. Blodprøver viste spor av akonitin.

Forsvararen til kvinna, advokat John Berg, seier det ikkje finst bevis for at ho står bak forgiftinga.

For den fornærma har det teke tid å innsjå at ho er mistenkt for å stå bak forgiftinga.

– Han er framleis i sjokk over at den tidlegare ektefellen kan ha gjort noko sånt. Han sit med mange spørsmål om kvifor ho eventuelt har ønskt å gjere dette, seier bistandsadvokaten til mannen Vibeke Meland.

I ei tidlegare varetektsrettsavgjerd i saka heiter det at «fornærma har òg forklart at det aldri har vore nokre utfordringar eller konfliktar i forholdet, men at forholdet er topp».

Den sikta kvinna har forklart at ho meiner mannen kan ha forgifta seg sjølv for å få merksemd.

(©NPK)