Mann til sjukehus etter mogleg arbeidsuhell i Sandnes

Ein mann i 60-åra er køyrd til Stavanger universitetssjukehus med hovudskadar etter det som truleg var eit arbeidsuhell ved Somaleiren i Sandnes.
innenriks

Skadeomfanget er ukjent, opplyser Sørvest politidistrikt på Twitter.

– Hendingsgangen er uavklart. Det er uvisst om det er helserelatert eller eit uhell i samband med opplæring, skriv politiet.

Personen vart funnen på bakken. Politiet vart varsla om hendinga like før klokka 9.30 onsdag formiddag.

(©NPK)