Regjeringa vil skjerpe språkkrav for utbetaling av sosialhjelp

Dersom ikkje innvandrarar under 30 år deltek i norskopplæring, kan dei få kutt i sosialhjelpa, foreslår regjeringa.
innenriks

– Norsk er ein inngangsbillett til arbeidslivet. Manglande norskkunnskapar kan gjere at du møter stengde dører, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) til Aftenposten.

Det nye lovforslaget blir snart sendt over til Stortinget, og endringane i sosialtenestelova blir grunngitt med at innvandrarar er overrepresentert på sosialhjelpsstatistikken.

Ikkje alle innvandrarar lærer seg godt nok norsk gjennom introduksjonsordninga, meiner Isaksen.

– Dersom dårlege norskkunnskapar er ein grunn til at du slit med å få jobb, vil vi no gjere norskopplæring til ein del av aktivitetsplikta for dei under 30 år. Det vil òg betre integreringa og ruste fleire for arbeidslivet, seier arbeids- og sosialministeren.

Han seier endringa betyr at kommunane må sørgje for at sosialhjelpsmottakarar går på kurs dersom dei ikkje kan godt nok norsk.

(©NPK)