Sp-profil vil ikkje ha valløfte om billegare bensin

Senterpartiets Kjersti Toppe kastar ein brannfakkel inn i klimadebatten i partiet: Sp kan ikkje gå til val på å bruke store summar på billegare bensin.
innenriks

– Det er ikkje akseptabelt at Senterpartiet går til val på ei bastant formulering om å skulle redusere bensinprisane. Då blir vi eit «Frp light», seier Toppe til NTB.

Ho meiner truverdet til partiet i klimapolitikken blir sett på spel dersom det blir eit sentralt valløfte å bruke ein milliardsum på å reversere aukane i bilavgiftene, slik Sps programkomité opnar for.

– Å love at vi skal reversere aukane, har ein for stor kostnad og gir eit veldig feil signal, meiner Sps parlamentariske nestleiar.

Sp foreslo i det alternative budsjettet sitt for 2020 å bruke knappe 900 millionar kroner på å kutte diesel- og bensinavgifta.

– Rammar folk flest

No seglar diskusjonen opp i Sp om kva bilavgiftspolitikk – og dermed klimaprofil – partiet skal gå til val på i 2021.

Klimapolitikken er samtidig blant dei områda der avstanden er størst mellom dei fem partia på raudgrøn side.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum har gjentekne gonger kritisert regjeringa for å auke avgiftene for folk flest.

– Dei som får avgiftslettar med denne regjeringa, har millioninntekt og køyrer Tesla. Dei som blir ramma, har ikkje råd til ny bil og køyrer ein gammal Toyota, har han sagt til NTB.

To forslag

I forslaget sitt inviterer programkomiteen partiet til å drøfte to konkrete alternativ.

* Alternativ A: «Klimaomstilling i transportsektoren må gjennomføres slik at vi prioriterer tiltak som gir store, effektive klimakutt og hindrer økte sosiale og geografiske forskjeller. Senterpartiet avviser derfor de avgiftsøkningene på bensin og diesel som er innført av sittende regjering. Disse har gitt minimalt med klimakutt, men svekker den folkelige oppslutningen om norsk klimaomstilling.»

* Alternativ B: «Klimaomstilling i transportsektoren må bygge på prinsippet om at forurenser skal betale. Senterpartiet går derfor inn for å øke CO2-avgiften som et virkemiddel til å bidra til grønn omlegging.»

Kjersti Toppes synspunkt er forankra i innspela frå Hordaland Sp. Lokallaget meiner begge alternativa må skrotast, fordi oppstillinga er for tendensiøs.

– Forslaga slik dei er sett opp, blir som å spørje eit barn om det vil ha godteri og drops i alternativ A eller fisk og tran i alternativ B, meiner Toppe.

– Må skrotast

Hordaland Sp vil slå fast at «klimaomstilling i transportsektoren må bygge på prinsippet om at forurenser skal betale». Klimaomstillinga må gjennomførast med tiltak som gir store effektive klimakutt og hindrar auka sosiale og geografiske forskjellar, krev lokallaget.

«Sosiale og geografiske ulemper ved økte CO2-avgifter må kompenseres med andre tiltak,» heiter det.

Hordaland er ikkje åleine om å etterlyse ein klarare klimaprofil. Leiaren i senterungdommen Torleik Svelle stadfesta overfor Aftenposten i juni at han støttar alternativ B.

– Vi er for å auke CO2-avgifta på fossilt drivstoff, men det staten får inn på det, skal øyremerkjast biodrivstoff basert på norske ressursar, sa han.

– Viktig symbolsak

Toppe kan forstå at det blir reagert mot auka bilavgifter i område der kollektivtransport ikkje er eit alternativ. Men det er langt derifrå til å bruke ein milliardsum på billegare bensin, poengterer ho.

– Dette er ei viktig symbolsak. Vi kan ikkje absolutt til seie nei til å bruke avgift som verkemiddel i klimapolitikken – utan at vi kjem med eit alternativ som treffer betre. Vi vil miste veldig mange veljarar viss vi gjer dette, seier Toppe.

– Vi kan ikkje gå til val og inn i eventuelle regjeringsforhandlingar med ein stor del av handlingsrommet vårt bunde opp i å redusere CO2-avgifta. Vi treng pengar til klimasatsingar, sjukehus, skular, skrantande kommuneøkonomi og sosiale stønader.

(©NPK)