Færre koronapasientar innlagde på sjukehus

16 personar er innlagde på sjukehus med covid-19, fire færre enn torsdag. Ingen av pasientane får behandling i respirator, viser tal frå Helsedirektoratet.
innenriks

13 av pasientane er innlagde i Helse sør-aust, medan tre er innlagde i Helse vest.

I Helse nord og Helse Midt-Noreg er det ingen pasientar med påvist koronasmitte, ifølgje Helsedirektoratets oppdatering fredag. Oslo universitetssjukehus (OUS) har flest innlagde koronapasientar, seks i alt.

Ved midnatt natt til fredag var det registrert 146 nye tilfelle av koronasmitte siste døgn. I alt har 12.644 nordmenn fått påvist koronasmitte.

Fredag døydde ein eldre person med covid-19 ved Haukeland sjukehus i Bergen. Det er det 267. koronadødsfallet i Noreg.

(©NPK)