Helsestyresmaktene snur: Spedbarn bør ikkje få tran

Styresmaktene kjem med nye tilrådingar. No meiner dei at barn under eitt år ikkje lenger bør få tran.
innenriks

I fleire år har styresmaktene tilrådd at barn bør få tran frå fire vekers alder. No endrar Helsedirektoratet dette rådet, skriv NRK.

Grunnen er at det tidlegare i år kom nye retningslinjer for morsmjølkerstatningar. Det gjer at desse no inneheld meir av både D-vitamin og omega-3-feittsyrer, enn dei gjorde tidlegare.

Det betyr at Helsedirektoratet no seier at barn som får morsmjølkerstatning, ikkje treng tilskot i form av tran eller D-vitamindropar.

– Årsaka er at morsmjølkerstatning no inneheld meir av både D-vitamin og omega-3-feittsyra DHA enn tidlegare, i tråd med nytt regelverk. Viss barnet får 6-7,5 desiliter morsmjølkerstatning, vil det få nok av både D-vitamin og DHA, seier Linda Granlund, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet i ei pressemelding.

Barn som blir amma og delamma, bør få tilskot av D-vitamin, men styresmaktene går no heilt bort frå rådet om at alle barn under tolv månader bør få tran.

– For barn som blir amma, gir tran litt for lite D-vitamin til dei yngste barna, og samtidig unødvendig mykje av omega-3-feittsyra DHA. Morsmjølk inneheld det barnet treng av denne feittsyra. Innhaldet i morsmjølk blir påverka av kva mor et, skriv Helsedirektoratet.

(©NPK)