Lysbakken: – Det blir overklassefest viss Høgre vinn

SVs partileiar Audun Lysbakken meiner Høgre riggar skattesystemet for dei rike når partiet går inn for å fjerne formuesskatten.
innenriks

I opningstalen sin på SVs landsstyremøte fredag kom Lysbakken med eit frontalangrep på Høgres skattepolitikk.

– Éin ting er heilt sikker, folkens. Og det er at det blir overklassefest viss Høgre vinn valet ein gong til, sa han.

SV-leiaren viste til korleis Høgres landsmøte førre veke gjekk inn for å fjerne formuesskatten heilt. Det vil bety meir enn 15 milliardar kroner i året i tapte skatteinntekter for staten og kommunane.

– Det er vanskeleg å overdrive kor uansvarleg og kor urettferdig dette vil vere, sa Lysbakken.

Ifølgje han viser SVs utrekningar at åtte av dei hundre rikaste i Noreg i 2019, praktisk talt vil bli nullskattytarar viss formuesskatten blir heilt fjerna.

Berre desse åtte svarer til eit bortfall av skatteinntekter på 235 millionar kroner, ifølgje Lysbakken.

(©NPK)