Meir koronatrøbbel i vente for bedriftene – mange blir oppsagde

Talet på servicebedrifter som har måtta seie opp tilsette, har auka kraftig den siste månaden. Særleg for kantiner er situasjonen prekær.
innenriks

NHO Service og Handel fryktar no at nye oppseiingar kjem om ikkje ei ny kompensasjonsordning kjem på plass.

– Utan kompensasjonsordninga, som inntil 1. september gav støtte til bedrifter ramma av koronakrisa, vil vi sjå ein ytterlegare auke i talet på oppseiingar, seier administrerande direktør Anne-Cecilie Kaltenborn.

– Talet på oppseiingar har ikkje gått ned slik vi håpa, men har tvert imot eskalert den siste månaden, og folk mistar no jobben, seier ho.

Verst for kantiner

Situasjonen er verst for kantinebedriftene i landet. Her svarer 45 prosent at dei har planar om å seie opp tilsette, og like mange har allereie sagt opp tilsette som følgje av koronapandemien. Til samanlikning svarer 19 prosent av reiselivsbedriftene det same, viser ferske tal frå NHOs medlemsundersøking.

Fleire på heimekontor har skapt ei bølgje av oppseiingar i kantinebransjen.

– Dette har vi ikkje vigd nok merksemd, og no får det konsekvensar for mange tilsette. Kantine- og matomsorgsbransjen er kjempestor, og sysselset rundt 8.000 i små og store kantiner i heile Noreg, frå mekaniske verkstader til sjukehus, seier Kaltenborn.

Ho peikar på at mange kantiner bruker ufaglærte tilsette, som får opplæringa si i bedrift.

– Dette er tilsette som vi veit har vanskeleg for å få ny jobb, og derfor er dette veldig urovekkjande tal, seier Kaltenborn.

Sviktande etterspurnad

Også i resten av NHOs medlemsbedrifter stig uroa. Kvar månad sidan Noreg vart koronastengt for eit halvt år sidan, har NHO spurt fleire tusen bedrifter om korleis dei blir påverka av pandemien.

Stadig fleire rapporterer no om sviktande etterspurnad, lågare omsetning og ei opptrapping av oppseiingar. Berre den siste månaden har delen bedrifter som har gjennomført oppseiingar, stige frå 9 til 12 prosent.

– Først vart det verre. Så vart det betre. No blir det verre igjen, seier sjeføkonom Øystein Dørum i NHO til E24.

Tida er den verste fienden til bedriftene, meiner sjeføkonomen.

– Dess lengre tid det går før vi er tilbake i ein normal situasjon, dess fleire bedrifter risikerer å gå under. Og endå fleire risikerer å miste jobben permanent, utdjupar han til Dagbladet.

Vorte verre

I teneste- og handelssektoren seier 56 prosent av bedriftene at dei har merka lågare etterspurnad dei siste fire vekene, ein oppgang på 15 prosentpoeng frå fem veker sidan. 17 prosent har måtta gå til oppseiingar, opp frå 10 prosent i august. 16 prosent har planar om nye oppseiingar.

Fire av ti bedrifter i servicebransjane seier at kompensasjonsordninga, som opphøyrde i august, ville vore til hjelp i månadene som no står føre dei.

(©NPK)