Nakstad: Meir uroleg for smittesituasjonen i Oslo enn Bergen

Talet på koronasmitta i Oslo aukar. Ikkje usannsynleg at Oslo blir blant dei raudaste byane i Europa, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad.
innenriks

Helsestyresmaktene er bekymra for utviklinga. I løpet av siste døgn er det stadfesta 68 nye smittetilfelle.

– Oslo har ein jamnare stigande trend, og det gjer at vi over tid er meir bekymra for Oslo enn Bergen. Fordi det ser ut som det heile tida kjem nye lokale utbrot som er av ein viss storleik, seier Nakstad til NRK.

Medan koronautbrotet i Bergen ser ut til å flate ut, er situasjonen i hovudstaden den motsette.

– Forstår ikkje alvoret

Nakstad meiner innbyggjarane i Oslo no må ta eit større ansvar for å avgrense utbrotet. Han er bekymra for at folk ikkje heilt forstår alvoret, og ber kvar enkelt ta meir ansvar.

– Eg trur ikkje det er nokon annan måte å snu utviklinga i Oslo på enn at folk flest byrjar å halde meir avstand, og er litt flinkare til å vere heime når dei er sjuke, seier han.

Førre veke vart det registrert over 210 smittetilfelle. Så høgt nivå har ikkje vore rapportert på ei enkeltveke sidan april, ifølgje statusrapporten frå Oslo kommune.

Mest smitte blant yngre

Det er i dei yngre aldersgruppene at smittetala aukar. Aldersgruppa 20–29 år ligg øvst, følgt av aldersgruppa 30–39 år. .

Smitten fordeler seg ulikt i byen. Dei høgaste smittetala har bydelane Alna og Gamle Oslo, medan Stovner og Alna har den høgaste delen smitta.

Nakstad meiner situasjonen vil betre seg viss osloborgarane klarer å følgje smitteråda betre, slik ein gjorde i vår.

– Det vi ser no, er at testing og smittesporing hjelper. Vi klarer å identifisere og stoppe det etter kvart, men det dreg seg ganske langt før ein kjem dit, fordi folk ikkje held nok avstand, seier Nakstad.

(©NPK)