Nytt koronadødsfall i Bergen

Ein person innlagd med covid-19 ved Haukeland sjukehus, er død, melder Helse Bergen. Det er det 267. koronadødsfallet i Noreg.
innenriks

Kommunikasjonsdirektør i Helse Bergen, Erik Vigander, stadfestar til Bergens Tidende at ein eldre person er død på grunn av koronaviruset. Personen var over 65 år, skriv NRK.

Dødsfallet er det andre i Bergen denne månaden. 9. september døydde ein bebuar ved Domkirkehjemmet. Det var det første dødsfallet i byen sidan 13. mai.

Helse Bergen melder òg at tre nye tilsette ved Haukeland sjukehus har fått påvist covid-19. I alt er 34 tilsette ved sjukehuset smitta med korona sidan 1. september.

(©NPK)