SV meiner EUs jernbanepakke bør bli valsak

SVs partileiar Audun Lysbakken meiner Stortingets behandling av EUs fjerde jernbanepakke bør utsetjast til etter valet, slik at folket får sagt meininga si.
innenriks

I opningstalen sin til SVs landsstyremøte fredag gjorde Lysbakken det klart at SV har tenkt å seie nei til EUs fjerde jernbanepakke når ho kjem opp til behandling i Stortinget.

Men det beste vil vere å utsetje saka, meiner han.

– Per no ser det ut til å vere eit fleirtal for jernbanepakken i Stortinget. Men utfordringa mi til dei partia som har tenkt å stemme for, det er at vi no er så nært eit stortingsval at vi fint kan utsetje saka til etter valet utan at vi får noko problem opp mot EU, seier Lysbakken til NTB.

Han viser til at konkurranseutsetjing av jernbanen har vore eit svært kontroversielt spørsmål i Noreg.

– Det er ei upopulær reform. Vi vil kjempe for å ta jernbanen tilbake til fellesskapet neste periode, men det er ingen tvil om at EUs jernbanepakke gjer det vanskelegare. Det er ei form for abonnement på konkurranseutsetjing, seier Lysbakken.

– Derfor er utfordringa vår til regjeringa: La oss ta ein fair kamp på dette, utsetje til etter valet og la folk seie meininga si.

(©NPK)