Siv Jensen innstilt som leiar av Frp – igjen

Valkomiteen i Framstegspartiet har for åttande gong innstilt Siv Jensen til toppvervet i partiet.
innenriks

– Siv Jensen er ein svært god partileiar. Vi er samla om at Siv blir ønskt som partileiaren vår også i tida framover, seier leiar av valkomiteen Bente Thorsen på Frps nettsider.

Jensen har vore Frp-leiar sidan 2006.

Også tre sentralstyremedlemmer står på val på årets landsmøte, som går av stabelen 16.–18. oktober. Til desse verva innstiller valkomiteen Ketil Solvik-Olsen (Rogaland), Ronny Berg (Finnmark) og Jon Engen-Helgheim (Viken).

Frps nestleiarar Sylvi Listhaug og Terje Søviknes står ikkje på val, sidan val av leiar og nestleiarar skjer annakvart år.

(©NPK)