36 personar i karantene i Kvam etter bussreise

Fredag er 36 personar i Kvam i karantene. Smitteutbrotet er relatert til den mykje omtalte bussreisa med pensjonistar frå Rogaland.
innenriks

Pensjonistane på busstur overnatta i Norheimsund i Kvam kommune.

Tre personar er koronasmitta i kommunen, og dei er tilsette ved Thon Hotel Sandven i Norheimsund, der pensjonistane overnatta. Hotellet er no stengt fram til 1. oktober.

Kommunen opplyser fredag på nettsidene sine at smittesporingsarbeidet har ført til at 36 personar har vorte definerte som nærkontaktar og er i karantene.

54 personar til skal testast fredag, og klokka 14.40 opplyser kommunen at dei førebels ikkje har registrert fleire smitta.

34 av dei 37 passasjerane som var med på bussturen, er stadfesta smitta av koronaviruset.

(©NPK)