Dronning Sonja om kongen: – Han er snart på beina igjen

På spørsmål frå fylkesmann Knut Storberget stadfesta dronning Sonja fredag at det går bra med kong Harald.
innenriks

– Eg håpar at kongen kjem seg raskt, sa fylkesmannen i Innlandet då han tok imot dronninga på Maihaugen på Lillehammer, der barndomsheimen hennar no står ferdig.

– Det gjer han. Eg har sett han i dag, og det går bra. Han er snart på beina igjen, svarte dronninga.