Født Fri engasjerer advokatfirma for å granske rapport

Født Fri har engasjert eit advokatfirma til å gå gjennom Ernst & Youngs gransking av stiftinga. Stiftinga mista statsstøtta etter revisjonsrapporten.
innenriks

Advokat og partnar Anne Helsingeng i Bull & Co skal gå gjennom Ernst & Youngs gransking av stiftinga Født Fri – noko revisjonsselskapet gjorde på oppdrag frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi).

– Vi opplever ikkje at krava til kontradiksjon er oppfylte, i tillegg til at rapporten viser til udokumenterte påstandar frå varslarane. Etter å ha lese retningslinjene til Advokatforeningen for private granskingar, har eg derfor bede Helsingeng om ein gjennomgang. Anne Helsingeng er ein av dei fremste advokatane på privat gransking i Noreg, og det er derfor vi har gitt oppdraget til henne, seier dagleg leiar Shabana Rehman i Født Fri i ei pressemelding.

Rapporten skal vere ferdig neste veke.

Måndag vart det kjent at regjeringa vil kutte støtta til stiftinga etter at revisjonsrapporten viste manglande økonomistyring, og at delar av støtta kan ha vorte brukt til private formål.

Rehman har tilbakevist dette og meiner at revisjonsselskapet ikkje har lytta til dei forklaringane ho har gitt.

(©NPK)