Hyttesalet har skote i vêret under koronakrisa

Hittil i år har det vorte omsett 6. 276 hytter på fjellet ved sjøen og i innlandet. Det er heile 36,6 prosent fleire enn i tilsvarande periode i fjor.
innenriks

Samtidig har òg prisane auka, viser tal frå Eiendom Norge.

Gjennomsnittsprisen på fritidsbustader så langt i 2020 har lege på rundt 2 .5 millionar kroner, noko som er 6,1 prosent meir enn i 2019.

– I kjølvatnet av at hytteforbod vart oppheva i april har omsetninga og prisane på fritidsbustader i Noreg skote i vêret, konstaterer administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge.

– Denne veksten kjem på toppen av at vi dei siste tre åra har hatt stabilt stor bruktomsetning i hyttemarknaden. I tillegg har det årleg vorte bygd rekordmange nye hytter, spesielt på fjellet, seier Lauridsen.

Fjellkommunane opplever den største auken med 3.034 hyttesal, ein oppgang på 39,8 prosent. Det har vorte omsett 1.130 fritidsbustader i innlandet, ein auke på 32,3 prosent, medan tala for hytter ved sjøen er 2 208 bustader, noko som er ein auke på 33,6 prosent.

Mesteparten av prisveksten har komme i perioden april til august, og snittprisen i august er 16,6 prosent høgare enn på same tid i fjor.

(©NPK)