MDG vil ha Moria-forlik med regjeringspartia

MDGs leiar Une Bastholm ber regjeringspartia gå utanom Frp og danne eit breitt forlik for å kunne ta imot fleire enn 50 asylsøkjarar frå Moria-leiren.
innenriks

Regjeringa har varsla at dei vil ta imot 50 asylsøkjarar frå den brannherja Moria-leiren på Lesvos i Hellas. Bastholm peikar på at det er fleirtal i befolkninga og eit sterkt ønske i mange kommunar om å ta imot fleire.

– Det bør òg gi eit fleirtal på Stortinget, seier Bastholm til NTB.

– Håpet er å skape ein annan dynamikk i asylpolitikken enn at regjeringa automatisk soknar til Frp og lèt dei diktere og avgrense Noregs bidrag, seier ho.

– Hastar før vinteren

Bastholms oppmoding går til alle opposisjonspartia, og dessutan Høgre, Venstre og KrF. Venstre og KrF har begge vore tydelege på at dei ønskjer å ta imot fleire enn 50 flyktningar. For å danne fleirtal på Stortinget, trengst fire representantar frå anten KrF eller Venstre.

– Eg opplever at denne saka har låst seg fast, og eg tek derfor initiativ til å få rørsle i Stortinget. Målet er å einast om ei formulering på tvers av partia som forpliktar Noreg til å ta imot fleire enn 50 frå Moria. Forhåpentlegvis kan dette forslaget bli fremja så snart Stortinget opnar og bli votert og der og då. Det hastar å få til ei løysing før statsbudsjettet blir vedteke og det blir vinter i Moria-leiren, seier Bastholm.

Ønskjer 1.500

MDG har uttalt at Noreg må ta imot 1.500 asylsøkjarar frå Moria, men partiet vil gå i dialog med dei andre partia om talet.

– Med låge tal på asylsøkarar til Noreg, mange tomme asylmottak og stor kapasitet til å ta imot i kommunane, er Moria-saka eit reint politisk spørsmål, ikkje eit kapasitetsspørsmål, meiner Bastholm.

Utspelet kjem i samband med MDGs landsstyremøte fredag.

(©NPK)