Retten stoppar bygginga av Utøya-minnestad

Ringerike tingrett beordrar mellombels stopp i bygginga av minnestaden for Utøya på Utøyakaia. – Naboane er letta, seier advokaten deira.
innenriks

– Staten og Arbeidarane si Ungdomsfylking (AUF) blir pålagde å stanse arbeidet med oppføring av minnestaden etter Utøya-tragedien med all infrastruktur og alle fasilitetar som gjeld minnestaden, skriv Ringerike tingrett i rettsavgjerda.

Staten og AUF blir òg pålagde å betale kostnadene til saksøkjarane på over 1 million kroner.

Arbeida med å byggje den nasjonale minnestaden for 22. juli på Utøyakaia i Hole kommune starta 3. august.

Stoppar ikkje bygginga av veg og kai

16 naboar og andre som bur i nærleiken av Utøyakaia gjekk til søksmål mot staten og AUF for å få anleggsarbeidet stoppa mellombels gjennom ei såkalla mellombels åtgjerd. Rettssaka gjekk i Ringerike tingrett førre veke.

Minnestaden skal bestå av ei trapp og 77 tre meter høge søyler i bronse – éi for kvar av dei 77 personane som vart drepne i regjeringskvartalet og på Utøya. Minnestaden blir 26 meter lang.

Naboane har òg gått til søksmål for å få stoppa heile minnestaden. Dette kjem opp for retten 30. november.

I avgjerda gir retten ikkje medhald i kravet om at arbeidet med tilkøyringsvegen og kaien skal stoppast.

Rapport: Naboar kan få helseskadar

Fleire av naboane som var med på søksmålet, bidrog i redningsarbeidet under terrorangrepet på Utøya 22. juli 2011.

Ein sakkunnigrapport som vart lagd fram under rettssaka, laga av Ressursklinikken på oppdrag frå naboane, konkluderer med at 17 av 18 undersøkte naboar til Utøyakaia står i fare for å få helseskadar som følgje av minnestaden.

For fem av dei kan gravearbeidet og det nye minnesmerket, ifølgje rapporten, utløyse varig psykisk helseskade.

I avgjerda legg retten til grunn at mange av saksøkjarane vart utsette for svært store belastningar 22. juli.

– Saksøkjarane har uttrykkjeleg bede om at det blir greidd ut kva konsekvensar ei plassering av minnestaden i nabolaget deira vil ha for helsa deira. Når det likevel ikkje blir henta inn ei helsekonsekvensutgreiing i samband med etablering av minnestad ved Utøyakaia, ser retten det slik at dette svekkjer det faktiske grunnlaget for reguleringsplanen, skriv retten i rettsavgjerda si.

Naboane er letta

– Dette er ein kjempeklar siger. Når ein les premissane i rettsavgjerda, er det tydeleg at retten er kritisk til forarbeidet som er gjort av Statsbygg og Hole kommune, seier advokaten til naboane, Ole Hauge Bendiksen, til NTB.

Etter at rettsavgjerda kom, har han vore i kontakt med fleire av naboane som var med på søksmålet.

– Dei har uttrykt ein stor lette over at arbeida no blir stansa, seier Bendiksen.

– Denne avgjerda har ein betydeleg eigenverdi, og ho rører òg ved grunntonen i saka. Det har òg ein viktig symbolverdi i kampen vidare for å få stoppa denne minnestaden, seier han.

AUF ankar

AUF seier at dei er skuffa over rettsavgjerda, og at dei framleis jobbar ut frå at den nasjonale minnestaden skal stå ferdig ved tiårsmarkeringa 22. juli neste år.

– Vi kjem til å anke avgjerda om mellombels åtgjerd til lagmannsretten, seier generalsekretær Sindre Lysø.

– Svært uheldig symboleffekt

Førre veke sa Statsbygg til NTB at ei utsetjing av bygginga vil gjere at dei ikkje blir ferdige med minnestaden i tide til tiårsmarkeringa neste sommar.

Samtidig vart det klart at deira eigne utrekningar viser at ei utsetjing av bygginga på Utøyakaia i seks månader vil koste 52 millionar kroner, medan ei utsetjing i eit år vil koste 72 millionar kroner.

Retten skriv i rettsavgjerda si at dersom minnestaden først blir etablert, så vil det vere vanskeleg for retten å komme til noko anna resultat enn at det skal bli ståande.

– Ei fjerning av ein etablert minnestad vil vere ei tvilsam forvaltning av ressursar, men først og fremst er bakgrunnen for minnestaden slik at ei rettsavgjerd som inneber fjerning, vil gi ein særs uheldig symboleffekt. Dette inneber at det blir vesentleg vanskelegare å forfølgje kravet dersom kravet ikkje blir teke til følgje, skriv tingretten.