Tilsett ved Sjukehuset Østfold koronasmitta

Ein tilsett som har vore i kontakt med fleire pasientar på lungeavdelinga ved Sjukehuset Østfold, har testa positivt for koronaviruset.
innenriks

14 pasientar er identifiserte som nærkontaktar til sjukepleiaren og må derfor i karantene, skriv NRK.

I tillegg er 20 medarbeidarar ved sjukehuset på Kalnes utanfor Sarpsborg sette i karantene.

Sjukehuset har ein liten mistanke om at den tilsette er smitta av ein pasient.

– Sjansane for dette er svært små, men vi har teke forholdsreglar for å vere sikre, seier kommunikasjonssjef Bjørn Hødal til Dagsavisen.

(©NPK)