Tungpusta kong Harald har ikkje covid-19, framleis på sjukehus

Kronprinsen tok over dei faste postane etter at kong Harald (83) vart innlagd på Rikshospitalet på grunn av tung pust tidleg fredag. Covid-19 er det ikkje.
innenriks

– Kongen vart i dag tidleg innlagd på Rikshospitalet. Årsaka var tung pust. Kongen er no til undersøking. Det er allereie avklart at kongen ikkje er sjuk av covid-19, opplyser Slottet på nettsida si.

Innlegginga var ikkje planlagd, og kongen stod fram til fredag morgon oppført med oppgåver i kalenderen. Desse vart snart overførte til kronprins Haakon. Kronprinsregenten hadde først den faste audiensen med statsminister Erna Solberg (H).

– Kronprinsen leidde òg statsrådet, seier kommunikasjonssjef Guri Varpe ved Slottet til NTB.

Kongen, som vart 83 år i februar, vart sjukmeld i samband med innlegginga. Det blir ikkje gitt fleire detaljar om helsetilstanden til kongen, omstenda rundt innlegginga, kor lenge han vil vere til undersøking, eller når han kan ventast heim til Slottet.

Han står likevel framleis oppført med oppdrag neste fredag. Då skal han etter planen gjere den høgtidelege opninga av det 165. stortinget med dronning Sonja og kronprins Haakon til stades.

Besøk før tur

Statsministeren var raskt ute med å helse så snart sjukmeldinga var kjend.

– Eg ønskjer kongen god betring, uttalte Solberg til NTB.

Kong Harald og dronning Sonja skulle eigentleg vore til stades på Maihaugen på Lillehammer fredag ettermiddag, under markeringa av at Tuengen allé 1b, som er barndomsheimen til dronninga, står ferdig.

Der vart det bestemt at programmet skulle gå som planlagt med dronninga til stades.

Før turen til Maihaugen fredag vart dronning Sonja observert bak rattet, køyrande frå sjukehuset i 10.45-tida, truleg etter å ha besøkt kongen.

På farten torsdag

Seinast torsdag ettermiddag var kongen til stades under markeringa av sesongslutten for kongeskipet i Oslo saman med dronninga og kronprinsen.

Tidlegare i månaden har han hatt besøk på Slottet av barn frå Blå Kors Barnas Stasjon for å snakke om korleis dei har hatt det i koronatida.

Kongeparet var òg gjester då barnebarnet prins Sverre Magnus vart konfirmert i Asker kyrkje laurdag 5. september.

Sjukmeldt i januar

Trass i alderen er kongen stadig vekk i jobb og på reise i inn- og utland utan å ha spesielt mange sjukmeldingar dei seinare åra.

Kongen har ikkje fastlege, men han har ein lege han nyttar fast, og vedkommande held til på Rikshospitalet. Det var òg der monarken var lagd inn sist han var sjukmeld, i januar. Han vart innlagd onsdag 8. januar etter å ha kjent seg svimmel. Det vart ikkje funne alvorleg sjukdom då, men han vart sjukmeld i to veker.

I tillegg var kong Harald sjukmeld nokre dagar like før jul i fjor på grunn av ein virusinfeksjon. Då var det to år sidan den førre sjukmeldinga hans.

Arbeidsfordeling

Kronprins Haakon fungerer som regent og mellombels statsoverhovud når kongen er sjukmeld.

I eit intervju med NTB tidlegare i september kommenterte kronprins Haakon, som no er 47 år, korleis arbeidsfordelinga i kongefamilien generelt har fungert i koronatida. Dei fleste offisielle oppgåvene fell på han og kong Harald.

– Fram til no synest eg at vi har klart å jobbe ganske fint saman. Eg tenkjer litt slik at det er eit team, og at vi fordeler arbeidsoppgåvene litt sånn fortløpande oss imellom for å få best mogleg resultat. Det tenkjer eg vi skal halde fram med å gjere i åra framover òg, sa kronprins Haakon til NTB om arbeidsdynamikken i familien.