Arcus fusjonerer med finske Altia

Arcus, Noregs største vin- og brennevinsleverandør, fusjonerer med finske Altia og blir dermed leiande i Norden.
innenriks

I ei børsmelding tysdag blir det opplyst at det nye selskapet vil få namnet Anora Group.

Avtalen prisar Arcus til rundt 2,9 milliardar kroner, og aksjeeigarane i Arcus vil få 0,4618 nye aksjar i Altia for kvar aksje dei har i Arcus, noko som betyr at det nye selskapet Anora vil bli eigd 53.5 prosent av Altias aksjonærar og 46.5 prosent av Arcus' aksjonærar.

Arcus vart skilt ut frå Vinmonopolet i 1996, for å skilje mellom sal og omsetning (Vinmonopolet) og import, eksport, produksjon og lagring (Arcus). Seinare selde staten seg etappevis heilt ut av selskapet.

Arcus' største aksjonærar no er Stein Erik Hagens investeringsselskap Canica med 40 prosent av aksjane, og dessutan John Fredriksens selskap Geveran Trading, ifølgje Dagens Næringsliv.

Dei største eigarane til det nye selskapet vil då bli Canica AS med 22,4 prosent. Vake Oy (eit statseigd finsk investeringsselskap) med 19,4 prosent og Geveran Trading med 4,6 prosent av aksjane.

Avtalen om fusjon må godkjennast av dei ekstraordinære generalforsamlingane til Arcus og Altia, som skal haldast i november, og fusjonen blir venta fullført første halvår av 2021.

(©NPK)