FHI tilrår at nye regionar i Sverige og Finland blir farga raude

Folkehelseinstituttet tilrår at det blir innført innreisekarantene for dei svenske regionane Blekinge og Södermanland og den finske regionen Helsingfors/Nyland.
innenriks

Blekinge og Södermanland har dei siste to vekene hatt høvesvis 57,7 og 20,8 stadfesta koronatilfelle per 100.000 innbyggjarar, skriv Folkehelseinstituttet tysdag kveld.

Helsingfors og Nyland har hatt 34,5 tilfelle per 100.000 innbyggjarar.

Samtidig tilrår FHI å fjerne innreisekarantene for den finske regionen Päijät-Häme, etter nedgang i smitten der den siste tida. Talet på nye tilfelle dei siste to vekene er rekna til 13,3 per 100.000 innbyggjarar.

Dersom regjeringa følgjer råda vil endringane tre i kraft frå og med midnatt, natt til laurdag 3. oktober.

(©NPK)