Fall den vanlegaste arbeidsulykka i fjor

Av nesten 22.000 arbeidsulykker som vart rapporterte til Nav i fjor, kom av om lag ein femdel som følgje av fall.
innenriks

Fall er den mest rapporterte ulykkestypen innanfor næringsgrupper som gjerne blir assosierte med ulykker i arbeidslivet, som til dømes bygg- og anleggsverksemd og transport og lagring, viser tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

I 2019 vart det rapportert totalt 21.991 arbeidsulykker inn til Nav. I 45 prosent av tilfella medførte arbeidsulykkene langvarig fråvær.

Totalt i fjor vart det rapportert 7,7 arbeidsulykker per 1.000 tilsette i Noreg.

(©NPK)