Kontroll på brannen i Equinors anlegg på Melkøya

Etter rundt åtte timar kunne brannvesenet slå fast at brannen i Equinors produksjonsanlegg for gass på Melkøya utanfor Hammerfest var sløkt.
innenriks

Meldinga om brannen kom rett etter klokka 15.30 måndag. Like før midnatt kunne brannvesenet konstatere at det ikkje lenger brann i anlegget.

– Brannen er sløkt. Det har vore røykdykkarar inne på området som brannen har vore, og det er ikkje opne flammar, fortel operasjonsleiar Eirik Pedersen i Finnmark politidistrikt til NTB.

Kom seg ikkje inn

Frå 19-tida var det ikkje opne flammar, men nødetatane kunne ikkje slå fast at dei hadde kontroll fordi dei ikkje kunne ta seg inn til staden der det byrja å brenne.

Brannen var avgrensa til eit produksjonsrom i ein del av anlegget. Tre andre turbinar stod i nærleiken av turbinen, og politiet frykta brannen kunne spreie seg til desse. Men dei rekna etter kvart faren for å vere betydeleg svekt.

Ingen skadde

Det er Equinor som driv gassanlegget.

– Det vart ikkje meldt om skadde eller sakna, opplyser selskapet.

Innsatspersonell frå Equinor er trena i denne typen beredskapshendingar og hjelper nødetatane i handteringa av brannen, opplyste kommunikasjonsrådgivar Eskil Eriksen i Equinor til NTB tidlegare måndag. Anna personell vart evakuert.

Tre fartøy, to tauebåtar og ein supplybåt, bidrog med sløkking frå sjøsida.

Omtrent samtidig med meldinga om brannen gjekk straumen i Hammerfest sentrum, men det er ikkje kjent om dei to hendingane hadde nokon samanheng.

Kan ikkje seie noko om årsaka

Anleggsdirektør Andreas Sandvik ved Hammerfest LNG seier til NRK at det er for tidleg å seie noko om kva som kan ha vore årsaka til brannen.

– Det kjem til å vere noko vi tek tak i etter kvart, fortel anleggsdirektøren.

Han ønskjer ikkje å komme med spekulasjonar om kor nær brannen var å spreie seg til den delen av anlegget der det er gass.

– Generelt er slike anlegg designa for å hindre spreiing av brann. Og så er det viktig med ordentleg brannedkjemping, slik det er gjort her, for å hindre at det spreier seg, seier Sandvik.

(©NPK)