Oslo-byråd bekymra for hyttesmitte

Oslo-folk som samlar venner og familie på hytta i haustfjellet, bekymrar helsebyråd Robert Steen (Ap). Han fryktar mange kjem heim med koronasmitte.
innenriks

– Det er ikkje uvanleg at ein i fjellområda mellom Aust- og Vestlandet møter familie og venner frå Vestlandet. Viss det er dårleg vêr, klemmer ein seg inn i små hytter og overheld ikkje meteren, seier Steen til NTB.

Førre måndag innførte Oslo-byrådet ein regel om at maks ti personar kan samlast privat, i eit forsøk på å stagge koronasmitten. Men den regelen gjeld ikkje i Trysil, Hemsedal, Gol og Geilo, minne Steen om. I resten av landet kan ein samle opptil 20 personar privat.

Helsebyråden meiner hytteferien dermed kan vere verre enn mange av situasjonane som ville vorte ramma av Helsedirektoratets tilrådingar om tiltak.

– Det er nok ein mykje større risiko for smittespreiing enn ein del av dei situasjonane ein prøvde å adressere i Oslo, seier han.

Følgjer ikkje tilrådinga

Oslos raudgrøne byråd strammar inn smittetiltaka, og frå tysdag klokka 12 blir det mellom anna påbode å ha på munnbind på trikken og T-banen dersom det ikkje er mogleg å halde éin meters avstand.

Men samtidig avviste byrådet fleire av tiltaka som Helsedirektoratet hadde tilrådd, trass i sterke formaningar frå helseminister Bent Høie (H) om å lytte til dei nasjonale styresmaktene.

Blant reglane byrådet avviste, var ei grense på maks fem personar i private lag. For mange familiar ville det bety at ein ikkje kan ta imot besøk.

– Viss du sit i Oslo og det regnar – og det gjer det jo om dagen – og du bur i ei blokk og har tre ungar, og naboen har tre ungar, då får du ikkje sende ungane over gongen, påpeikar Steen.

Han meiner eit slikt tiltak ikkje ville bli forstått. Særleg viss ungane ser på Instagram at klassekameratar er på ei hytte der mange fleire får vere samla.

– Det utfordrar rettferdssansen til folk. Det har definitivt vore ein del av vurderinga, seier Steen.

Få med så store hytter

Helseministeren seier han deler Steens bekymring for at haustferie på hytta kan føre til koronasmitte, men tonar likevel ned risikoen.

– Det er sannsynlegvis ei handfull innbyggjarar i Oslo som har hytter så store at dei kan samle 20 stykke på ein lovleg måte og halde ein meters avstand, seier Høie til NTB.

Men han påpeikar at folk må følgje smittereglane òg når dei er på ferie.

– Det er viktig for meg å understreke at det at ein kan samle 20 menneske i andre kommunar, ikkje opphevar kravet om å halde ein meters avstand.

Høie sa måndag at han meiner tiltaka Oslo kommune no innfører, er tilstrekkelege, sjølv om dei ikkje følgjer tilrådingane til direktoratet.

Fryktar tilliten blir borte

Byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) meiner for strenge tiltak ville auke «tiltakstrettheten» og tilliten til styresmaktene og viste til at det i andre land er store demonstrasjonar mot smittevernreglane.

– Vi må ha med oss folk på laget i kampen mot smittespreiing, ikkje berre dei neste to vekene og to månadene. Vi må ha med oss folk i dette maratonløpet heilt til store delar av befolkninga er vaksinerte. Heilt til vi faktisk kan seie at krisa er over, sa Johansen på pressekonferansen måndag kveld.


(©NPK)