Snart kjem homøopatiske middel i butikkane

Frå nyttår kjem rundt 450 ­homøopatiske middel i sal i butikkar. I dag kan dei berre seljast i apotek.
innenriks

Ifølgje Aftenposten kjem dei aktuelle homøopatiske produkta frå januar inn under ordninga Legemiddel Utenom Apotek (LUA). Dei må likevel ha godkjent marknadsføringsløyve, og utsala må innhente løyve frå Statens legemiddelverk.

Stortingsrepresentant Sveinung Stensland (H) er sjølv farmasøyt og meiner sal via apotek har gitt produkta er feilaktig kvalitetsstempel. Han trur tilgjenge i butikkar kan gi auka sal.

– Men desse midla er uansett risikofrie og utan dokumentert effekt, så det vil ikkje ha særleg betydning, seier han til Aftenposten.

Styreleiar Tore Fosso i Norske Homeopaters Landsforbund meiner Stenslands karakteristikk av homøopatiske produkt får stå for hans rekning.

– Effekten av medisinane våre blir den same om dei blir selde frå apotek eller andre stader, seier Fosso.

(©NPK)