Schibsted utsett for stort datainnbrot

Schibsted har vore utsett for stort datainnbrot. Uvedkommande har brote seg inn i 22.000 brukarkontoar og prøvd seg på 150.000.
innenriks

Det skriv E24.

– Det som har skjedd, er at vi har oppdaga at uvedkommande har logga seg inn på kontoar der ein har brukt ei liste med brukaridentitetar som er stole frå utsida, seier personverndirektør i Schibsted, Ingvild Næss, til E24.

Ho forklarer at mediekonsernet, som eig dei største avishusa i landet som VG, Aftenposten og E24, er kjent med at brukarnamn og passord til desse brukarane har vore tilgjengeleg på nett.

Det er uvisst kva dei digitale innbrotstjuvane har gjort med kontoane ein har fått tilgang til, men Næss seier konsernet per no ikkje har nokon informasjon om at kontoar har vorte misbrukte på nokon måte.

Det går fredag kveld ut informasjon til alle som er ramma av innbrotet.

– Systemet vårt skiftar automatisk passord på dei kontoane som har vorte ramma, og vi sender no ut informasjon til brukarane våre, og vil melde frå til Datatilsynet. Dette viser jo kor viktig det er å oppdatere passord.

(©NPK)