Kulturministeren opnar koronatilpassa Moldejazz – som blir sommar-Noregs største festival i år

Måndag har kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja meldt at han kjem til Molde for å opne jazzfestivalen, som i koronatilpassa utgåve likevel kallar seg den største festivalen i landet i 2020.
kultur

Den lukka opningsseremonien blir på taket av jazz- og teaterhuset Plassen. Kulturministeren nyttar òg høvet til å besøkje Teatret Vårt og Sportsklubben Træff når han først er i Molde.

Moldejazz melder om «et formidabelt billettsalg» til 2020-utgåva, som er 60. gong festivalen blir arrangert. Det blir i nedskalert utgåve med rundt 30 artistar, hovudsakleg norske – og med sjølvaste Karin Krog som Artist in Residence.

3.000 billettar er selde på førehand, og laurdag frigjer festivalen restbillettar – òg til arrangement som tidleg vart utselt, mellom anna opnings- og avslutningskonsertane, og arrangement med Ane Brun, Ytre Suløen og Steinar Raknes.

Festivalsjef Hans-Olav Solli lokkar med god kapasitet på nokre få konsertar, der han trur ein kan få tak i gode billettar òg undervegs i festivalveka. Det dreier seg om konsertar med Trondheim Voices & Trondheimsolistene, Hanna Paulsberg Concept og duokonserten til Lauritz og Isach Skeidsvoll.

Ti av konsertane på årets program vil blir strøymde og tilgjengeleg mot billettavgift. Årets Moldejazz byr òg på fem arrangement i Festivalakademiet, som er debattar og sceneintervju med både artistar og bransjefolk – der eitt tema blir framtida for hardt ramma aktørar i bransjen.

Til NTB uttalte festivalsjefen før sommaren at det var eit vendepunkt då dei innsåg at dei kunne få til ein koronatilpassa festival med konsertar for 200 av gongen.

– Då får vi kontinuitet og ingen hol i festivalhistoria sett på lang sikt, medan vi òg gjer det som er viktigast no: Bidreg til å halde det kulturelle økosystemet i gang.



(©NPK)