Islandsk seier i Lahti-VMs første renn

Elsa-Gudrun Jonsdottir frå Island vann det første rennet i ski-VM. 30-åringen frå Olafsfjördur var best i langrennskvalifiseringa for kvinner.
sport

Det var VMs outsiderar som fekk vise seg fram på langrennsstadion onsdag. Dagen før dei beste sprintarane i verda skal vise kor fort det er mogleg å ta seg fram på langrennsski gjekk det betydeleg saktare for dei fleste.

Jonsdottir var blant dei som viste seg fram med bravur. Ho vann 5 kilometer klassisk på 15.23,9 og var 20,1 sekund føre bulgarske Nansi Okoro. Blant mennene var kroatiske Kresimir Crnkovic i ein klasse for seg. Med 26.21,5 på 10 kilometer klassisk var han 55,6 sekund føre toeren Deividas Klisevicius frå Litauen.

Begge Danmarks VM-deltakarar, Jens Hulgaard og Tue Rømer, tok seg greitt inn blant dei ti beste som får starte dei individuelle distanserennene i VM.

To plassar unna

Greske Melina Meyer Magulas, som er gift med Noregs landslagstrenar Eirik Myhr Nossum, hadde ikkje marginane på si side. Ho gjekk inn til 12.-plass og var snautt 18 sekund frå å kvalifisere seg.

Langt verre var oppgåva for enkelte andre. Laetitia Arida frå Libanon enda sist av dei 32 kvinnene som fullførte. Med tida 35.25,6 vart ho slått av vinnaren med over 20 minutt.

I klassen for menn enda colombianske Paul Martin Bragiel på 59.- og sisteplass. Med 46.07,8 på 10 kilometer var han slått med 19.46 minutt.

Likevel var det ikkje Arida og Bragiel som greidde seg dårlegast i skiløypene i Lahti. Irske Stephen O'Mara og makedonske Valentina Mirza vart begge diska for skøyting, medan fleire løparar valde å bryte.

Lang veg for kort løp

En av dei var Adrian Solano frå Venezuela, som utvilsamt hadde den mest kronglete vegen av alle til VM. På veg til Finland vart han arrestert i Frankrike, der han ikkje vart trudd på at han var skiløpar på veg til VM. Etter fem dagar i varetekt vart han sendt heim til Venezuela.

Først etter at ein finsk TV-personlegdom forbarma seg over ham og starta innsamlingsaksjon fekk han råd til å starte ei ny ferd til Europa.

Då Solano gjekk ut som første startande i mennenes kvalifisering, fall han i første sving, brakk staven i eit nytt fall, fekk omsider ny stav, men valde å gi seg etter første runde. Etterpå var han like blid.

– Eg er kald, men lykkeleg, sa han til VG medan han hakka tenner i kulda.

(©NPK)