TV 2: Larviks trenar til ungarsk topphandball

Larvik-trenar Tor Odvar Moen (53) tar over den ungarske klubben Siófok til sommaren.
sport

Det erfarer TV 2. 53-åringen ønsker ikkje å kommentere saka overfor kanalen.

Siófok satsar hardt på å nå europatoppen. Klubben, som ønsker å grunnfeste rolla som Ungarns beste lag bak Györ, jaktar for tida spelarar i eliteklassen, skriv TV 2.

Tidlegare måndag vart det klart at Larvik-profilen Thea Mørk går til dansk handball i sommar. Ho har blitt einig med København Håndbold om ein treårsavtale.

(©NPK)