Kwiatkowski vann Tirreno – Adriatico

Michal Kwiatkowski imponerte på den avsluttande tempoetappen og forsvarte den blå leiartrøya i sykkelrittet Tirreno – Adriatico.
sport

Rohan Dennis vann tempoetappen over ti kilometer, men han var ikkje med i sigerskampen totalt.

Kwiatkowski starta tysdag med tre sekunds leiing på den italienske heimefavoritten Damiano Caruso og var før han ved alle passeringane.

Den polske Sky-ryttaren vann etapperittet 24 sekund føre BMCs Caruso og med lagkameraten Geraint Thomas på tredjeplass, ytterlegare åtte sekund bak.

Edvald Boasson Hagen vart beste nordmann med ein 58.-plass totalt etter å ha vore på 30.-plassen tysdag. Daniel Hoelgaard vart nummer 91 og August Jensen nummer 100 av dei 135 som fullførte dei sju etappane.

Den største sigeren

– Eg har ikkje fått med meg resultatlista enno og veit berre at eg vann, men det er alt som betyr noko. Dette er den viktigaste sigeren min i eit etapperitt, sa Kwiatkowski.

– Eg hadde masse nervar. Det byrja å regne mens eg varma opp, så eg frykta at noko kunne gå gale. Eg måtte sykle med lågare trykk i dekka, og det er vanskeleg. Eg måtte vere varsa, men eg hadde ei god kjensle.

Dennis vann den avsluttande tempoetappen i Tirreno – Adriatico for andre året på rad. Den australske BMC-ryttaren var fire sekund raskare enn Jos van Emden og åtte sekund raskare enn Jonathan Nicolas Castroviejo.

Stod fram

Kwiatkowski tok tolvteplassen på tempoetappen, slått av etappevinnaren med 20 sekund.

Den polske tjuesjuåringen stod fram for Sky-laget da Thomas vart ramma av eit teknisk problem på den fjerde etappen. Thomas tapte meir på det uhellet enn differansen til vinnaren etter avslutta ritt.

Chris Froome skulle vere Sky-kaptein i rittet, men den firedobbelte Tour de France-vinnaren er langt frå besteforma si og var aldri med i tetsjiktet. Han tok ein brukbar ellevteplass på den siste etappen og enda totalt på ein 34.-plass, 13.31 minutt bak vinnaren.

(©NPK)