Gabrielsen og Hestad ordna etterlengta Molde-opptur

Molde hadde gått fire seriekampar utan siger før møtet med Strømsgodset. Ruben Gabrielsen og Eirik Hestad ordna 2–0 og letta presset på Ole Gunnar Solskjær.
sport

Molde kom til 16.-mai-kampen mot drammensarane med fleire tøffe resultat i ryggen. Solskjær og co. hadde ikkje vunne sidan 6-1-kampen mot Træff i cupen 18. april. 0–0 mot Vålerenga (b), 0–1 mot Odd (h), 0–1 mot Brattvåg (cupen), 2–2 mot Sarpsborg (b) og 1–2 mot Bodø/Glimt (h) var fasit før kampstart, men onsdag sytte kaptein Gabrielsen og Hestad for at MFK-fansen endeleg kunne jubla. 2–0 og tre poeng smakte godt for vertane.

Molde og trenar Solskjær har vore under aukande press, men laget kan no håpa på at trenden har snudd. MFK har ni poeng opp til Brann på tabelltoppen. Avstanden opp til Rosenborg på andreplass er fire poeng.

Strømsgodset og Tor Ole Skullerud er inne i ei tung rekkje. Dei førre trepoenga til Godset kom mot Odd (3–0) 15. april. Sidan har det blitt 0–1 mot Haugesund (b), 0–1 mot Rosenborg (h), 2–2 mot Glimt (b), 1–2 mot Sarpsborg (h) og no 0–1 mot MFK. Godset ligg på 12.-plass med ni poeng, berre to poeng over Stabæk på kvalifiseringsplass.

Håland-miss

Kampen onsdag var jamspelt før pause. Den største sjansen i første omgang kom då Erling Braut Håland kom åleine mot Espen Bugge Pettersen i buret til gjestene i det 22. minutt, men Molde-spissen avslutta svakt utanfor frå god posisjon. Etterpå gøymde han ansiktet i hendene i fortviling.

Kort tid på førehand hadde Molde-back Kristoffer Haugen teke teljing på kunstgraset i Rosenes by. Den tidlegare Viking-spelaren måtte ut med skade.

Håland fekk nesten servert ein stor scoringssjanse minuttet før pause. Godset-spelaren Eirik Ulland Andersen spelte eit farleg tilbakespel mot keeper Pettersen, men sisteskansen kasta seg fram og fekk klarert like framfor den unge spissen til Molde.

Etterlyste presisjon

Bortelaget frå Drammen hadde mindre å by på før pause. Bassel Jradi varta opp med eit fint skot frå distanse tidleg i kampen, men Andreas Linde i Molde-buret hadde god kontroll.

Molde skapte ei stor moglegheit ti minutt etter kvila. Petter Strand la inn frå venstre, men den harde avslutninga til Mattias Moströms blei redda av Pettersen.

Minuttet etter fekk heimelaget hol på byllen. Eirik Hestad spelte ballen gjennom til Gabrielsen. Molde-kapteinen svarte med å setja inn 1–0 på kontrollert vis.

Og heimelaget gav seg ikkje med det. Elleve minutt før full tid sytte Hestad for å setja fast resultatet til 2–0. Skotet til Fredrik Brustad blei redda av Pettersen, men på returen var midtbanemannen Hestad sikker.

Godset prøvde å mobilisera til ein sluttspurt, men utan å lykkast. Dermed kunne MFK jubla.

(©NPK)