Nullen sprakk for heimesterke Brann

Brann sleppte inn mål på heimebane for første gong denne sesongen då laget spelte 1–1 mot Haugesund i toppkampen i Eliteserien onsdag.
sport

Mannskapet til Lars Arne Nilsen har vore suverent hittil denne sesongen, og hadde framleis ikkje måtte plukka ballen ut av eige nett på Brann Stadion før Haugesund kom på besøk på nasjonaldagen til fotballen.

Bergen-publikummet fekk derimot sjå det første baklengsmålet i sesongen då veteranen Christian Grindheim breisida inn 1–0 til gjestene etter 54 minutt, men Kristoffer Barmen redda eitt poeng med 1-1-scoringa si.

– Det er skuffande. Vi har lyst til å ta med oss tre poeng i kvar kamp, og spesielt på heimebane. Slik kampen blei, er derimot eitt poeng greitt. Vi gjorde fleire ting vi ikkje skal gjera, men slike kampar kjem også, sa Barmen til Eurosport.

Utlikna

For det var gjestene som gjekk i føringa då David Akintola dreiv framover på høgrekanten, før han slo inn mot Frederik Gytkjær. Dansken hoppa elegant over ballen, og bak kom Grindheim som kaldt og roleg sette inn leiarmålet.

Heimelaget verka noko skaka etter eit sjeldan baklengs på heimebane, men slo tilbake ved Kristoffer Barmen etter 70 minutt.

Eit strålande raid av Gilbert Koomson på høgre enda i eit like strålande innlegg som fann Barmen på bakre stolpe. Han heada ballen i mål til 1-1, og heimelaget pressa på for eit vinnarmål i sluttminutta.

Azar Karadas blei kasta inn mot slutten for å tilføra Brann-laget ytterlegare fysisk kraft, men veteranspissen klarte berre å pådra seg eit gult kort for munnbruk.

Acosta-sjanse

Bismar Acosta fekk høve til å senda Brann-fansen til himmels etter 86 minutt då han kom på ballen på bakre stolpe, men FKH-keeper Per Kristian Bråtveit var patent og slo til corner.

Vertane heldt fram å pressa gjestene bakover i banen på overtid, og kaptein Vito Wormgoor fekk sjanse på volley, men avslutninga hans sneik seg på feil side av stolpen sett med Brann-auge.

Til slutt reid FKH stormen av, og resultatet gjer at gjestene ligg på fjerdeplass med 18 poeng mens Brann framleis toppar Eliteserien.

Laget har 26 poeng, og det er no fem poeng ned til Rosenborg som slo Lillestrøm 3–0 heime.

(©NPK)