Junior-VM i alpint 2020 til Narvik

Narvik skal arrangera junior-VM i alpint 2020. Det blei vedteke på FIS-kongressen i Hellas torsdag.
sport

Meisterskapen skal arrangerast 5.–15. mars 2020.

– Det er viktig for Narvik og Nord-Noreg å koma tilbake på arrangørkartet. Vi veit vi kan laga ein bra og spektakulær meisterskap, seier Erik Plener i Alpin-VM 2025.

I Narvik blir det arbeidd for å få senior-VM i 2025, og eit junior-VM fem år tidlegare kan bli eit viktig steg på vegen.

– Narvik har ein fantastisk arena og lange tradisjonar i alpint. Det blir satsa tungt innan alpint i Narvik. For norske junioralpinistar er dette ei fantastisk moglegheit til å få køyra VM på heimebane, seier alpinsjef i Norges Skiforbund, Claus Johan Ryste.

(©NPK)