Kvinnekombinert inn på VM-programmet

Kombinert for kvinner blir seinast VM-øving i Oberstdorf i 2021. Det same blir lagkonkurranse i hopp for kvinner.
sport

Det blei klart på FIS-kongressen i greske Costa Navarino fredag.

– Det er på tide at hopp får fleire VM-øvingar for kvinner, og vi er glade for at kvinnene slepp til i kombinert. Framover skal det bli like moglegheiter for alle utøvarane, uavhengig av kjønn. Med dei gode signala i dag frå FIS-kongressen ser vi svært positivt på dette, seier skipresident Erik Røste.

Det er ei lita moglegheit for at begge dei to nye øvingane kjem inn på VM-programmet allereie under VM i Seefeld neste år, men dette er opp til arrangøren å bestemma endeleg.

Individuelt hopprenn for kvinner kom på VM-programmet for første gong i 2009. Amerikanske Lindsey Van tok gullet, mens Anette Sagen blei nummer tre.

FIS-kongressen vedtok også fredag eit forslag frå skiforbunda i Noreg, USA og Canada i samband med større grad av kjønnsbalanse i styrande organ i internasjonal skiidrett.

Forslaget handla mellom anna om representasjon på framtidige FIS-kongressar i tillegg til kjønnsbalanse i komitear/utval og blant utøvarrepresentantane.

(©NPK)