Røste vald inn i FIS-styret

Skipresident Erik Røste vart fredag som venta vald inn i styret i Det internasjonale skiforbundet (FIS Council).
sport

Det var 18 kandidatar til dei 16 styreplassane under FIS-kongressen i Costa Navarino i Hellas. Fredag ettermiddag var utfallet av avstemminga litt tidlegare på dagen klart.

Røste fekk 112 stemmer av 121 moglege.

Femtiåtteåringen overtar dermed posisjonen Sverre Seeberg har hatt sidan 2004.

– Eg er veldig motivert for å gjere ein jobb internasjonalt. Vi er ein stor skinasjon, og i visse greiner er vi dominerande. I dei åra eg har vore president, har eg vore opptatt av at vi har eit ansvar også for det internasjonale fellesskapet, sa Røste til NTB for ei tid tilbake.

Med valet av Røste gjekk skistyret tilbake til praksisen som i stor grad har handla om at det er den sitjande skipresidenten som skal vere Noregs kandidat til FIS Council.

Sverre Seeberg heldt fram i FIS Council, der han òg har vore visepresident, også etter at han gjekk av som president i Norges Skiforbund.

(©NPK)