Federer kjempa seg tilbake i comebacket

Roger Federer er tilbake på tennisbana etter ein lengre pause. Etter å ha tapt det første settet vann han kampen mot Mischa Zverev med 2–1 i sett i Stuttgart.
sport

Federer har stått over alle grusturneringane denne våren for andre år på rad. Han har ikkje spelt ein kamp på nærmare tre månader.

Veteranen måtte sjå seg slått med 3–6 av storebror av tennisbrørne Zverev i første sett onsdag, men etter at rusten var ute av kroppen vann den 36 år gamle veteranen lett med 6-4, 6–2.

Federer har starta oppkøyringa på gras til Wimbledon-turneringa der han er ute etter sin niande tittel.

Sveitsaren, som har vunne 20 Grand Slam-titlar i karrieren, kan passere Rafael Nadal og bli verdseinar viss han tar seg til finalen i Stuttgart.

(©NPK)