Kristoff-lagkamerat vann i Sveits

Italienske Diego Ulissi hadde mest krut i beina på dei siste meterane og vann den femte etappen av sykkelrittet Tour de Suisse onsdag.
sport

Målgangen på den 155 kilometer lange etappen frå Gstaad til Leukerbad var lagt til toppen av ei tøff stiging. Dermed var det venta at samanlagtfavorittane ville gjere opp om sigeren. Slik vart det også.

Den spanske veteranen Mikel Landa forsøkte å gå solo på dei siste kilometerane, men vart innhenta av eit lite felt rett før mål. Ulissi, lagkamerat med Alexander Kristoff i UAE-laget, hadde mest å gi av forfølgjarane og tok ei sterk siger.

Nærmast italienaren følgde spanske Enric Mas, medan nederlandske Tom-Jelte Slagter følgde deretter.

Heimehåpet Stefan Küng har leidd Tour de Suisse sidan opningsetappen, men onsdag måtte han gi frå seg den gule leiartrøya. Den overtok australske Richie Porte, som hang med leiargruppa inn til mål.

Nærmast følgjer nederlandske Wilco Kelderman. Han er 20 sekund bak.

Alexander Kristoff og Kristoffer Halvorsen fekk som venta ikkje med utfallet å gjere onsdag.

Torsdag og fredag ventar nye tøffe etappar i Tour de Suisse.

(©NPK)