Drøymestart for Russland i VM-opninga, audmjuka Saudi-Arabia 5–0

Vertsnasjonen Russland fekk ein perfekt start på VM då dei slo Saudi-Arabia 5–0 på heimebane i Moskva.
sport

Dermed tek russarane leiinga i gruppe A, før Uruguay møter Egypt fredag formiddag.

Det blei ein storstilt opningsseremoni med talar frå blant anna FIFA-president Gianni Infantino, og underhaldning frå Robbie Williams på Luzhniki stadion. Deretter tok spelarane til vertsnasjonen over showet.

12 minutt ut i oppgjeret sette Jurij Gazinskij fyr på kampen. Aleksandr Golovin fekk ballen på hjørnet av sekstenmeteren, før han slo eit perfekt innlegg. Der venta midtstoppar Gazinskij som fekk ein enkel jobb med å heada vertsnasjonen i føringa.

Dobla før pause

Etter dryge 20 minutt fekk likevel russarane eit stort skår i gleda. Alan Dzagojev måtte forlata banen med det som såg ut som ein hamstring-strekk Dermed er 27-åringen truleg ute resten av meisterskapen.

Tre minutt før pause var derimot skaden til Dzagojev gløymt. Det var nemleg innbytaren Denis Tsjerysjev som fekk æra av å setja inn 2–0. Russarane kontra, og til slutt hamna ballen hos den tidlegare Real Madrid-spelaren.

Med ein glimrande utført skotfinte, finta han to saudiarabiske forsvararar, før ballen blei sett knallhardt i nettaket.

Resultatet stod seg til pause.

Full kontroll

Russland heldt fram presset i den andre omgangen. Grøntrøyene frå Saudi-Arabia såg ut til å mangla det nødvendige tempoet for å setja keeper Igor Akinfejev i aktivitet.

Dryge ti minutt etter pause var rett nok Taisir Al Jassam nær ved å redusera, men midtbanespelaren nådde akkurat ikkje innlegget.

Etter 70 minutt blei Artem Dzyuba bytt inn for vertsnasjonen. Berre eitt minutt seinare var den 194 centimeter høge spissen sterkast i duellen med Osama Hawsawi. Innlegget frå den store spelaren i kampen, Golovin, var perfekt, og dermed stod det 3–0 på Luzjniki stadion. Til glede for Vladimir Putin og ditto fortviling for Saudi-Arabias kronprins, Mohammed bin Salman, på tribunen.

På overtid krona Denis Tsjerysjev ein perfekt ettermiddag. Villareal-spelaren fekk ballen på 20 meter, og banka inn 4-0, og dermed den andre – og finaste – for dagen.

Som om ikkje det var nok, sat den store spelaren i kampen, Aleksandr Golovin, inn Russlands femte scoring på eit herleg frispark tre minutt på overtid. Ein perfekt start på meisterskapen for eit utskjelt russisk lag.

(©NPK)