Full kvinnesatsing for kombinertfolket

Norges Skiforbund satsar for fullt på kvinnekombinert. Torsdag blei satsingsgruppa presentert i Holmenkollen.
sport

Ny hovudsponsor er på plass i kombinert, og det er sett ned ei eiga satsingsgruppe for kvinner. Sju jenter er tekne ut: Gyda Westvold Hansen (Nansen), Marte Leinan Lund (Tolga), Thea Øihaugen, (Gausdal), Mari Leinan Lund, (Tolga), Mille Moen Flatla (Haslum), Mille Marie Hagen (Haslum) og Ida Marie Hagen (Haslum).

– Eg vil gje ein spesiell takk til kombinertkomiteen som har sett kvinnekombinert på kartet. FIS-kongressen vedtok at kvinnene skal med i VM allereie frå 2021 i Oberstdorf. Det har gått fort, og det er takka vere jobben de har gjort at dette er mogleg, seier skipresident Erik Røste.

Bustadbyggjaren Block Watne og OBOS går inn på sponsorsida. Avtalen gjeld ut OL-sesongen 2022.

(©NPK)