Marokko varslar ny VM-søknad mot 2030

Onsdag tapte Marokko avstemminga om kven som skal arrangera fotball-VM i 2026. No søkjer det nordafrikanske landet om å få halda meisterskapen i 2030.
sport

Det stadfestar Marokkos idrettsdepartement torsdag.

Ifølgje det tyske nyheitsbyrået DPA skal Qatar allereie ha signalisert at dei vil støtta VM-søknaden til Marokko også for sluttspelet i 2030.

Det vil vera sjette gongen nordafrikanarane søkjer om fotball-VM.

Onsdag blei det klart at USA, Canada og Mexico får tildelt meisterskapen om åtte år. Fellessøknaden vann avstemminga på FIFA-kongressen i Moskva med 67 prosent av stemmene mot Marokkos 33.

(©NPK)