Salah friskmeld – startar truleg mot Uruguay

Egypts landslagssjef Héctor Cúper seier det nesten er 100 prosent sikkert at Liverpool-stjerna Mohamed Salah startar VM-kampen mot Uruguay fredag.
sport

Salah er ut til å vera friskmeld etter skulderskaden han fekk i meisterligafinalen mot Real Madrid 26. mai.

Det var lenge uvisst om den egyptiske stjerna ville bli klar til den første VM-kampen mot Uruguay fredag, men torsdag kom Cuper med nyheiter som vil spreia glede blant supporterane til Egypt.

Landslagssjefen seier det er nesten 100 prosent sikkert at Salah startar kampen fredag. Dermed kan det sjå ut som Salah har vunne kampen mot klokka etter den ulykkelege hendinga i Kiev.

Egypt er med i VM for første gong sidan 1990. I tillegg til Uruguay skal laget til Salah møte VM-verten Russland og Saudi-Arabia i gruppespelet.

(©NPK)