Fiat-arbeidarar streikar etter Ronaldo-overgang

Fiat-arbeidarar i Italia går ut i streik etter at Juventus-eigarane skal ha brukt pengar frå bilprodusenten på delar av Cristiano Ronaldo-overgangen.
sport

Juventus har punga ut over 900 millionar kroner for å henta Cristiano Ronaldo (33) frå Real Madrid. For å finansiera overgangen skal Agnelli-familien, som eig klubben, ha brukt pengar frå Fiat. Familien eig 29,8 prosent av konsernet som produserer Fiat og Ferrari.

Streiken varer frå kvelden 15. juli til morgon 17. juli i Fiat-fabrikken i Melfi i Sør-Italia.

– Bedrifta har i årevis kravd store finansielle offer frå arbeidarane. Er det rettferdig? Er det normalt at éin person skal tena millionar når tusenvis av familiar ikkje kan få endane til å møtast i slutten av månaden? spør den italienske fagforeininga USB i ei pressemelding.

Fagforeininga krev at bedrifta skal investera meir pengar i bilproduksjon og i å sikra arbeidsplassar.

Ifølgje italienske medium skal omtrent 285 millionar kroner av midlane til Fiat vera brukt til å finansiera Ronaldo-overgangen.

(©NPK)