OL-vinnar Kikkan Randall har fått brystkreft

Tidlegare langrennsløpar Kikkan Randall (35) er ramma av brystkreft, fortel TV 2. Amerikanaren vann OL-gull på lagsprint for kvinner i februar.
sport

Randall stadfesta sjølv nyheita på Instagram onsdag.

– Det er skremmande å få ein kreftdiagnose. Eg har lurt kvar dag på korleis dette kunne skje meg. Men eg har lova meg sjølv å vera positiv og aktiv gjennom behandlinga, skriv 35-åringen.

Den tidlegare skiløparen er i heimbyen Anchorage i Alaska for behandling. Ho starta den første cellegiftkuren sin måndag.

Saman med Jessica Diggins tok Randall eit overraskande gull i lagsprint for kvinner i vinter-OL i Pyeongchang i februar. Det var USAs første OL-gull i langrenn.

35-åringen la opp etter sesongen i år. Ho har tidlegare vunne eit VM-gull i lagsprint (2013) og verdscupen samanlagt i sprint tre gonger.

I 2008 blei ho diagnostisert med Factor V Leiden, som er ein genetisk mutasjon som forsterkar sjansen for alvorleg blodpropp.

(©NPK)